Generelt
Tilrettelagd transport (TT) er eit tilbod om dør-til-dør-transport for personar som på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom, ikkje kan bruke kollektivtransport.
Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
Vilkår
Du kan vanskeleg nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen.
Partnarar
Samferdselsdepartementet har pålagt alle fylkeskommunane å organisere ei ordning med tilrettelagd transport.
Kontaktpersonar
Navn | Tittel | Telefon | Mobil | Telefaks | E-post |
---|
Gerd Kari Skaalen | Nav-leiar | 55 55 33 33 | | 35 07 71 33 | Send Epost |
Kontaktavdeling
NAV Tokke
Telefon | 55 55 33 33 |
---|
Telefaks | 35 11 37 01 |
---|
E-post | nav.tokke@nav.no |
---|
Nettadresse | http://www.nav.no |
---|
Besøksadresse | Sentrumsbygget |
---|
Åpningstid | 09.00 - 15.00 |
---|
Lovar og retningsliner
Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå fylkeskommunale retningsliner.
Søknadsprosessen
Vedlegg
Legeerklæring
Handsaming
Fylkeskommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.