Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Høyring: Revisjonsdokument Sundsbarmreguleringa

NVE har lagt revisjonsdokumentet for Sundsbarmreguleringa ut til offentleg høyring. Høyringsfristen er 15.des 2016.

Sundsbarm kraftverk fekk konsesjon på regulering og overføring av Flatdalsvassdraget, Morgedalsvassdraget og Dalaåi (Oftevassdraget) i 1963. I Tokke kommune er det vassføringa i Ofteåi og Oftevatn i Høydalsmo som er redusera som fylgje av at mykje av vatnet i Ofteåi  etter reguleringa er overført til Sundsbarmvatn. Regulanten har pålegg om minstevassføring på 40 liter pr sekund målt ved brua (E134) i Høydalsmo.

Kommunane Seljord, Kviteseid og Tokke kravde revisjon av konsesjonsvilkåra i 2013, og i Tokke er det attgroing i Oftevatn som er peika på som sentral problemstilling.

Konsesjonæren (Sundsbarm Kraftverk) foreslår at konsesjonsvilkåra held fram som i dag utan endringar.

Høyringsdokumentet finn du på NVE sine sider: https://www.nve.no/konsesjonssaker/

I tillegg er det lagt ut på bibliotekfilialen i Høydalsmo og på kommunehuset på Dalen. Du kan også laste ned dokumentet her og vedlegget her.

Ofteåi Høydalsmo ved minstevassføring

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk