Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Sundsbarm - revisjon av konsesjonsvilkår

NVE gjennomfører synfaring av Oftevassdraget i Tokke.

Den 3. og 4. september skal det vere synfaring med NVE knytt til revisjon av konsesjonsvilkåra for Sundsbarm kraftanlegg i Seljord. Om lag 36 % av vatnet til Sundsbarm kraftverk blir teke inn i Tokke ved at Oftevassdraget og nokre mindre bekkar er overført til Sundsbarmvatnet i Seljord.

I dag er det ei minstevassføring ved brua i Høydalsmo på om lag 40 liter per sekund. Sundsbarm Kraftverk som i hovudsak er eigd av Skagerak Kraft AS har foreslått å auke minstevassføring til 150 liter per sekund målt ved dammen i utløpet av Hovdevatn. Dette vil gje meir vassføring i Ofteåi og nedover Dalaåi til Kviteseid.

Onsdag 4. september skal ein sjå på vassdraga som er råka av utbygginga i Tokke. Alle som ynskjer det kan delta på synfaringa på dei ulike stadene - frist for påmelding er torsdag 29.aug kl 15 til sakshandsamar (sjå nedanfor for kontaktinfo). Synfaringa vil i hovudsak ta for seg erfarte problemstillingar som resultat av reguleringa og overføring av vatnet og dei krav til endringar i konsesjonsvilkår som kommunane tidlegare har sett fram.

Det er planlagt oppmøte ved Sundsbarm kraftverk i Seljord kl 0745 den 4/9, og transport med buss. Planen er mellom anna å sjå på Morgedalsåi, Lintjønn, Ofteåi, dam Hovdevatn og Dalaåi frå Høydalsmo til Kviteseid. Nærare plan for synfaringa finn du her.

Om du er interessert i å koma med innspel eller delta på synfaringa eller har spørsmål om dette, så kan du kontakte Tokke kommune ved sakshandsamar Olav Bjørn Bakken (tlf 90054978 eller e-post obb@tokke.kommune.no).

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk